Informasjon
Berekraftsdrakta for 2026-sesongen er levert av vår utstyrsleverandør Puma. Drakta er spesialdesigna og har eit moderne uttrykk over seg. Drakta symboliserer:
- Drakta sin grønfarge skal representere vårt berekraftsarbeid gjennom Heimebaneprosjektet.
- Den marineblå fargen er ein hyllest til den maritime bransjen i regionen.
- Dei blå bølgene representerer Ulstein Kommune som kystkommune.
- Dei kvite logane på drakta er eit hint om ei lys framtid for klubben i vårt hjarte.
- Den moderniserte runeskrifta på drakta er eit hint til Hødd-logoen og ein hyllest til vikingen i logoen.
Drakta er lett, pustande og laga for både spelarar og supporterar. Med Hødd-logoen på brystet ber du historia, ånda og styrken til dei blå vikingane.
Sterk, stolt og blå!
