Informasjon
Den nye Hødd-drakta for 2026-sesongen er levert av vår utstyrsleverandør Puma. Drakta er spesialdesigna og har ein klassisk blå farge med mønster i seg. Ei heimedrakt med eit moderne uttrykk som er inspirert av vær, vind og bølger.
Drakta er lett, pustande og laga for både spelarar og supporterar. Med Hødd-logoen på brystet ber du historia, ånda og styrken til dei blå vikingane.
Sterk, stolt og blå!
Produsent
Puma er ein internasjonal utstyrsleverandør og produsent av sportsklede, kjend for å sameine nyskapande teknologi med moderne design. Selskapet leverer drakter, sko og treningsutstyr til idrettsutøvarar og lag over heile verda, med sterkt fokus på kvalitet, komfort og prestasjon.
